|
Velkomen til Smak Sakte festivalen i Aurland |
7.- 10. oktober 2010
Du som bur i Aurland vert invitert til å gjere deg betre kjende med di eiga bygd.
Tilreisande vert invitert til eit møte med bygdevertar som presenterar noko av det beste bygda har å by på.
Me ynskjer at Smak Sakte skal vera ein stad der bygdefolk og gjester saman kan gjenoppdage og skape verdiar. Verdiar som ikkje berre kan forståast, men må sansast og anast.
Festivalen er ein del av satsinga under merkevara ”SAKTE i Aurland” som byggjer på bærekraft og tilrettelegging for eit godt møte mellom lokalsamfunnet og gjestene.
Smak Sakte samarbeider med Nærøyfjorden Verdsarvpark og let deg oppleva menneske og produkt som gjer Verdsarven levande.
|
|